Eg angrar på at eg gløymte å kjøpe med meg nokre eksemplar av dette eksemplariske tidsskriftet, for det vi fekk høyre var verkeleg morosamt. Eg kan m.a. trekke fram opplesinga av ein noko forandra versjon av Amalie Skrams Karens jul. Her hadde redaksjonen funne det for godt å nytte Olipous S7-metode, som etter det eg forstår går ut på å bytte ut alle substantiv med det som kjem sju ord lenger bak i ordlista. Naturleg nok vil dette endre ein tekst ganske dramatisk, idet politikonstabelen blir pollenkonstipasjonen, barnet blir barokken, frua fruktosen, og så bortetter. Ei avansert form for barndommens adjektiv-forteljing.
Og hysterisk morosamt!
Slikt og mykje meir kan ein vere så heldig å få lese i dette fantastiske tidsskriftet.
2 kommentarer:
Pent omslag har det også. :)
Ja, ikkje sant!
Legg inn en kommentar