29. juli 2008

Tid for kvinner

Det er tid for nytt lesesirkelmøte, og denne gongen er det den islandske forfattaren Sjón sin roman Skugga-Baldur som skal diskuterast.

Men allereie før møtet er halde, er eg i gang med å tenke på forslag til neste bok ut. Det einaste kriteriet som er heilt klart, er at neste forfattar skal vere kvinneleg. Ja, faktisk skal dei neste to forfattarane vere kvinnelege, ettersom vi no føler oss litt vel mannsdominerte i lesinga dei siste månadane.

Aller helst har eg lyst til å lese ein klassikar som neste lesesirkelbok, og eg har lenge hatt lyst til å lese Camilla Colletts Amtmandens døtre. Eit anna alternativ er Selma Lagerlöf, og til dømes hennar Gösta Berlings saga.

Eg skal legge fram forslaga for lesesirkelen, og kome nærare tilbake med bokomtale av Skugga-Baldur, samt annonsering av augustboka.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Det finnes mange fine romaner skrevet av kvinner, det er trist at de som regel kommer i skyggen av de mannlige...

Aina Basso sa...

Ja. Men samtidig er der veldig mange kvinnelege forfattarar som er svært synlege blant kioskveltarane. Tenk berre på Unni Lindell, Anne B. Ragde, Anne Holt, for ikkje å snakke om Frid Ingulstad. Eller Kate Mosse, J.K. Rowling, Elizabeth Kostova...

Men når det gjeld kvinnelege forfattarar som ville vere aktuelle for lesesirkelen eg er med i, er eg einig i at dei ikkje er så synlege som dei burde vore. Og det er veldig synd!