8. juli 2008

Ferielesing

Eg har klart å ikkje planlegge for mykje i det siste. Det er uvant å skru av skrive-liste-knappen i hovudet, men eg kjenner at det betaler seg. Så spontan i lesinga har eg ikkje vore på lenge. Så tilfreds i lesinga er det også lenge sidan eg har vore.

Eg har no to meir langsiktige bøker på nattbordet. Den eine, Skugga-Baldur, har eg kome ganske langt i. Det er ei lettlesen bok, om ein ser slik på det, men ettersom prosaen er lyrisk og knapp, kjennest det som ei bok ein kan få utbytte av å lese sakte og sikkert fleire gongar.

Eg har også kome midtvegs i Americana av Don DeLillo. Det er overveldande lesing. Det er så utruleg mange ord der! Forteljinga hoppar frå den eine digresjonen til den andre , og eg lurer på om grunnen til at eg ikkje får med meg alt er fordi det ikkje er viktig, eller fordi eg ikkje er stø nok i amerikansk språk og syttitalskultur. Eg har no byrja helle mot at det kanskje ikkje er så viktig å få med seg absolutt alle detaljar, og lesinga har difor teke seg noko opp i tempo. Og det er ei bok det er lett å lese, på sitt vis. Historia er interessant nok, språket flyt godt nok, det er berre litt tett og mykje og ukjend.

Og no er det snart ferie, og noko av det mest hyggelege står for tur: Å velje ut bøkene eg skal ta med i kofferten. Eg har tidlegare nemnt at ei av bøkene eg skal ta med er Dag Solstads 16.07.41, som viser til hans fødselsdato. Ettersom eg skal ta flyet heim nettopp den 16.07, og boka byrjar med eit fly, synest eg det er ei fin bok å byrje på nett den dagen - også for å stillferdig heidre ein av mine norske favorittforfattarar.

Men eg vil også lese ei anna bok. Som de tidlegare har sett er det nok å ta av i bokhylla. Minst 50 (har eg kome fram til) ulesne bøker står og ventar. Så gjeld det berre å velje den riktige. Skal eg gå for Sylvia Plath? The Waves av Virginia Woolf? Eller noko lettare? Kanskje skal eg ikkje ta med meir enn ei bok, denne gongen, og heller gå på skattejakt i familiens bokhyller for å finne noko tilfeldig og uventa? Eg skal ikkje bestemme meg enno. Solstad skal få vere med i veska, men elles skal eg la det heile ligge - enn så lenge.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Jeg går helt sikkert ut fra at du kommer til å like "16.07.41", siden Solstad er en favoritt hos deg. Selv må jeg innrømme at Solstad kjeder meg voldsomt og at jeg aldri har forstått hva det er med ham som folk er så fascinert av. Derfor er det jo ekstra interessant å høre hva du får ut av det. ;-)

Jeg skal innrømme at akkurat flysekvensen i åpningen av denne boka, kanskje er noe av det aller beste jeg har lest av Solstad - men ellers føler jeg at han ikke snakker til meg i det hele tatt. Skulle i grunn likt å vite hvorfor...

Uansett, så var det jo en strålende idé det der med å lese "16.07.41" den 16.07. og så samtidig lese den på et fly! Det må jeg virkelig si. :-)

Aina Basso sa...

Hehe, nei det er kvar sin smak :)

Ja, eg reknar med eg kjem til å like boka. Slik eg stort sett liker alt han har skrive. Men det med datoen og flysituasjonen var faktisk litt tilfeldig. Litt som når ein leitar etter eit bestemt dokument, løftar på ein bunke, og treffer det akkurat.