23. juni 2008

Nynorsk post

Eg hjartar nynorsk
I helga har postkassa mi vore full av nesten utelukkande nynorsk post.
Då dette ikkje er heilt vanleg for meg, følte eg på meg at dette var noko å blogge om.

Eg har fått helgas utgåve av Dag og Tid, der Agnes Ravatn har vore i kloster, utan at det var noko å skryte av. Eg har fått den einaste Patricia Wentworth-krimromanen omsett til norsk, nemleg Den døde kjem tilbake, som blei omsett til nynorsk og gitt ut på Samlaget tidleg på åttitalet (og som eg, som no er Samlagsforfattar, får 40 % rabatt på). Eg har også fått post frå Mållaget, som endeleg har fått registrert meg som medlem. Der låg det ballong med nynorsk slagord på, drops på nynorsk slagord på, medlemsbladet, diverse giroar eg ikkje skjønte kva eg skulle gjere med, eit medlemskort som er ubrukeleg fordi eg ikkje har fått kvittering på at eg har betalt årskontingenten og dermed er utan oblat, og eit hyggeleg brev med takk for at eg har betalt årskontingenten, samt litt informasjon om kva eg kan bruke medlemsskapet mitt til, og kva dei håper eg vil bidra med, no som eg er målkvinne (les: "gjere noko for målsaka"). Eg kan med ein gong seie følgjande som svar:

- Eg vil ha eit oblat slik at eg kan bruke mållagsrabatten min på Det Norske Teatret, t.d. for å gå og sjå Kafkas Slottet i november
- Eg meiner sjølv eg gjer litt for målsaka, både ved å skrive nynorsk skjønnlitteratur eg håper nokon vil lese, og ved å vere standhaftig nynorskbloggar med stadig betre rettskriving

Så. Det var dagens post.

Berre eit lite post-apropos på slutten. Der var også post frå Posten. Dei har nemleg klart å rote bort dei einaste to bursdagsgåvene eg skulle fått via dei i år, frå to (separate) snille venninner som ikkje bur her i byen. Eg har klaga på dette, og har no fått eit par brev der dei skriv at dei ikkje har klart å finne pakkane, samt eit ark over vilkåra til Posten (punktvis), som eg ikkje har gidda å lese, men der det sannsynlegvis står at dei fråskriv seg alt ansvar for post som ikkje blir levert til riktig adressat, sjølv om vi har betalt dei for å gjere det.

Ingen kommentarer: