20. juni 2008

Gode sitat

Eg merkar meg ein fascinasjon der ute for gode sitat, aller helst gode "ein-linjerar".
Fleire bokbloggar kjem stadig med slike gode sitat i innlegga sine, nokre samlar endåtil på gode sitat og brukar dei i godt selgjande og populære sitatbøker.
Ja, eg merkar meg dette, og innser til fulle for første gong at eg sjølv fullstendig manglar den same fascinasjonen.

Det er som om noko søkk i meg når eg les desse gode sitata. Eg kjenner meg brått heilt motlaus, det er som om livet mistar all farge (for å vere litt melodramatisk).
For det er jo så opplagt, er det ikkje? Desse gode sitata, som i mi erfaring stort sett er skrivne av menn, verkar for meg som eit ledd i mannlege forfattarars store ambisjon om å vere store, og om å avdekke dei store sanningane, - og vidare - å presentere desse store innsiktene sine i fint formulerte ein-linjerar, som vi andre seinare kan grunne over, smatte på og tenke over både ein og fleire gongar. Og vi nikkar jo alltid gjenkjennande, ikkje sant? Fordi det er så opplagt. Fordi vi alle kjenner denne sanninga frå før, fordi vi sjølve også har hatt denne store innsikta. Og kor stor er sanninga då?

Nei, det er ikkje for meg. Gi meg heller ei god skildring av noko heilt trivielt, eller eit knasande godt ordspel. Dei gode sitata kan eg spare meg for.

6 kommentarer:

Jørn Roeim sa...

Dette er vel et spark til meg, formodentlig, siden jeg er storprodusent av sitatbøker. Mye kan sies om sitater, men man bommer nok litt på målet hvis man tillegger sitater den intensjonen å representere den store sannheten. Derimot bør et godt sitat inneholde en sannhet, eller rettere sagt et godt poeng. Jeg tror det kan være gunstig å se på sitater som en litterær sjanger. Det er tydeligst når det gjelder aforismen, men ethvert godt sitat bør for så vidt ha en aforistisk kvalitet.
Sitatet er altså en litterær kortform, eller litteratur i "pilleform". Sånn sett skiller ikke sitater seg fra andre litterære sjangere ved å ha et poeng, et budskap.
Det som gjør at du ikke liker sitater, er kanskje at de kan virke veldig kategoriske. Men som sagt - jeg tror du mistolker formen litt og tar dem for alvorlig. For eksempel er det ingen sak å finne sitater som motsier hverandre, eller sitater som ved nærmere gransking er nokså meningsløse, men som likevel kan ha sin verdi rett og slett bare fordi noe er morsomt sagt. Mange morsomme sitater nærmer seg en annen litterær kortform, nemlig vitsen.

Anonym sa...

Jeg liker sitater hvis de er virkelig gode, men har ikke behov for å samle. ;) Dessuten er det veldig sjeldent jeg husker hvem som har sagt hva. ;)

Helt malapropos: Sjekk dagens blogginlegg i min blogg... ;)

Avil sa...

Enkle ting sagt med å stor sjølvtillit at det framstår som viktig.

Heia Aina. Eg tenkte på deg her ein dag, mens eg ikkje var i nærleiken av nett. Om ho der Aina Basso bur i Oslo, tenkte eg, så kunne det vore hyggeleg å møte henne.

Anonym sa...

Hmmm. Jeg har alltid hatt stor glede av sitater. Enten de er hentet fra skiverier av kvinner, menn eller barn. Gode sitat fanger et eller annet. Morsomt, sant, teit, annerledes. Alt kan jo siteres og blir således sitat. Når jeg leser finner jeg gjerne fram en penn for å markere bruddstykker av tekst som jeg der og da fant noe verdifullt eller toskete i - og tar dem med meg videre på godt og vondt.

Anonym sa...

Kva er ein one-liner ?

Mykje av det du skriv om sitat kan eg slutta meg til. Men eg meiner sitat og one-liner ikkje er det same. Kva er ein one liner ? Eg leita litt på nettet:

I. Merriam Webster dict:. One liner is 1: a very succinct joke or witticism 2: a succinct or meaningful and especially accurate statement.

Den første er uinteressant i denne samanhangen (det er m. a. den programmet Radioresepsjonen på P3 nyttar), den andre gjev meining for meg.

II- Engelsk wikipedia: One-liner may mean:
a. one-liner joke b. one-liner program c. tagline d. monoku

Dei to første hoppar me over her. Med tagline meiner dei ei (slåande) linje gjerne nytta i reklame og marknadsføring, t.d. ”The truth is out there” (X-files), ”Love means never having to say you're sorry” (Love Story).

Mononuke forklarar dei som korte haikuliknande dikt.

Når eg høyrer ordet one liner tenkjer eg på ei kort konsis linje (ok kanskje to eller tre då) som opnar opp eit *perspektiv*. Det er nødvendigvis ikkje noko eg kastar kring meg som djupe filosofiske sitat.

Eg skal prøva gje nokre døme, og dei er båe henta frå rocklyrikken som er den staden der eg synest der er mange gode.

Michael Krohn, Raga Rockers: “Ting”.
Jeg så deg igjen her om dagen
Du kom ut i fra supern med en baby i magen
Med poser i henda og poser under øya
gikk du bort til bilen hvor han satt og løya’n

Det er eit heilt liv som blir rissa opp i dei to siste linene.

Kjartan Kristiansen, Dum Dum Boys: ”Hagelangs”:
”Nabolaget her er fullt av skrømt, aldri flytta herfra, jeg har rømt”
Det er eit riss, men du anar kva som har skjedd….

Ein one liner er for meg ei linje eller to som kan poppa opp i ulike situasjonar, og den fortel meg: ja der har me det igjen, no har eg ord på det, no er det på formel… Men mest sannsynleg seier eg det ikkje til nokon. . . . .

Aina Basso sa...

Overgripande:
Eg rekna ikkje med dette innlegget ville gå verken upåakta eller ubesvart hen (for å bruke eit godt riksmålsuttrykk), og det er bra. Godt at folk engasjerer seg, tek til motmæle og seier det dei meiner. Det er poenget med blogging, synest eg. Ikkje det einaste poenget, men eitt av dei beste: Å diskutere.
Novel, vidare.
Dette innlegget er ikkje meint som eit spark til nokon, ikkje eingong TM, som lagar sitatbøker. For å sitere [sic] meg sjølv: "nokre samlar endåtil på gode sitat og brukar dei i godt selgjande og populære sitatbøker", så freistar eg ikkje rakke ned på at andre diggar gode, dårlege, djupe eller grunne sitat, eg står berre fram med følgjande: Eg diggar det IKKJE. Og kva er det eg ikkje diggar? Siterer eg aldri forfattarar eller andre sjølv? Artige ting dei har sagt, gode formuleringar? Jau, det gjer eg.

Det er godtkjøpssitata eg ikkje liker. Desse små sanningane pakka inn i einlinjesform. Nett som Avil seier lenger oppe.
Og ja, Avil, eg bur i Oslo, og ja, eg trur det kunne vore veldig kjekt å møtt deg!