
Jau, følgjande: Eg kan vere einig i at mykje av litteraturen handlar om kjærleik, men eg trur eg vil vri litt på det og spørre: Er det muleg å skrive litteratur fullstendig fri for kjærleik? Eller fullstendig fri frå nokre av "dei store spørsmåla" (livet, døden og kjærleiken)?
Eg vil påstå at der finst mykje litteratur viss hovudmål ikkje er å skrive om kjærleiken, men som likevel, gjennom skildringa av menneskelivet, naudsynleg impliserar nettopp kjærleiken - som beveggrunn, som forklaringsmodell, som noko direkte eller indirekte formande av karakterane i teksten. Det er ikkje spesifikt den erotiske kjærleiken som impliserast, det kan like gjerne vere kjærleiken mellom foreldre og barn, eller mellom vennar.
Uansett seier eg meg einig i at litteratur må handle om kjærleik- eller fråveret av den - fordi kjærleiken er ein så viktig karakteristikk å definere seg, eller å verte definert, utifrå, anten det gjeld kjærleiken som kategori (utanfrå) eller som drivkraft (innanfrå).
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar