Det er den finaste presangen. Fire år etter eg fekk mitt første, har eg no fått mitt andre arbeidsstipend, og denne gongen varer det ikkje berre i eitt år, men i to. Eg fekk nyheita i går, rett før eg skulle gå frå jobb den siste arbeidsdagen før påskeferien; eg gjekk rett ut i solfeiring.
I dag vakna eg til sol på øya. Eg lagar pdf-ar av manuset eg har pusla med dei siste åra, som blei skove til sides av Inn i elden, skriv alt saman ut på papir og legg arka utover golvet på bestemor si stove.
Det er ein fredag med indre lykke. Den første dagen i ferien, åleine i huset, full av arbeidslyst. No skal det skrivast!

Gratulerer! Det fortjener du. Gleder meg allerede til neste bok.
SvarSlettTakk! Det var godt å lese.
SvarSlettGratulerer og lykke til med grubling og skriving, Aina!
SvarSlettTusen takk! Dette blir kjekt!
SvarSlett