25. desember 2008

Sommaren om vinteren

Like før jul las eg Hilde K. Kvalvaag sin nye roman Skagerrak, som kom ut på Samlaget i haust.

Skagerrak har fått mykje gode kritikkar, forfattaren er blitt assosiert med både Virginia Woolf og Ingmar Bergman og har mellom anna fått ros for sine gode sanseskildringar.

Slik presenterer Samlaget boka:

To familiar er på ferie i Danmark. Siv er i ei kjenslemessig krise i forhold til mannen; sommaridyllen blir ein skarp kontrast til alt som er i ferd med å rakne. Og mens Siv strevar med å finne meining i familielivet, flyttar Lillian inn i nabohytta…

Sjølv likte eg boka godt. Eg likte å lese henne. Eg likte å vere ved Skagerrak i juli, i ein sommar på hell. Eg likte å lese om dei enkle tinga, som rommar dei mindre enkle tinga. Eg hadde det godt med det triste og vanskelege, hadde det godt med varm sommar, ope landskap, familieliv og brestande idyll.

Forfattaren sjølv liker ikkje sommaren. Det er noko urovekkande ved alt dette varme, lyse, skinande. Det merkast i Skagerrak.

2 kommentarer:

Lille søster sa...

Høres ut som en bra bok.

Aina Basso sa...

Ja, eg likte denne veldig godt.