27. september 2008

Totalt poenglaust

I dag er ein slik dag der eg skulle ønske eg hadde noko å skrive. Skrive kan ein jo likevel, så klart. Folk gjer slikt heile tida. Nokre skriv endåtil lange bøker utan å ha noko å skrive.

Eg gir dykk altså eit utflytande, poenglaust blogginnlegg i dag, berre fordi eg har lyst til det. Eg sit utsliten på sofaen, eg orkar ikkje røre meg, eg har noko elendig frå MTV over skjermen (å, eg lengtar tilbake til dei dagane då MTV var ein stad for gode musikkvideoar og ikkje reality-show med bortskjemde, amerikanske rikingar), eg knaskar i meg Snømandel Sjokolade kjøpt på den vesle grønsakssjappa borti gata, gjenoppdaga i kjøkenskapet i sta på jakt etter hovudverkstablettar, eg har nett sett den herlege filmen Vinterland av regissøren Hisham Zaman, som var på kulturnattbesøk i Byarkivet i går, og eg vil sjå meir, men eg har ikkje meir av same kaliber å sjå.

Eg veit ikkje heilt kva eg skal finne på. Det er ein dag der det hadde passa å få masse epostar, bruke tid på slikt, eller mange new notifications på facebook. Det er ein dag der det sannsynlegvis ikkje skjer, fordi anna folk ikkje er like slitne som eg, er ute i verda og gjer ting, snakkar med folk, i staden for å sitje med laptopen i fanget.

Men eg veit noko eg vil gjere, eg kom på noko no. Eg vil finne utdrag som passar til opplesingane som ventar, eg kan lese meir poesi (Myklebust, Haugen, Haagensen) og eg kan lese ut Gösta Berlings saga, slik at eg kan vie tida mi til nye bøker, eller bøker eg allereie er halvvegs i.

Eg beklager viss eg har plaga dykk med dette innlegget, men det er no så fint laga her i bloggverda at ein ikkje treng lese det ein ikkje gidd, så mange av dykk vil nok ikkje eingong kome ned til denne siste setninga. Og det er heilt greitt. Eg har ingenting å kome med i dag. Men eg hadde lyst til å kome likevel. Som ein gjest utan gåve til vertskapet.

4 kommentarer:

Hilde sa...

Eg anbefalar på det varmaste å lage seg nokre lampeskjermar når ein ikkje veit heilt kva ein skal ta seg til ein søndag i slutten av september.

Aina Basso sa...

Men korleis gjer eg det?

Anonym sa...

Du fekk deg ein ny facebook-ven då. :-)

Aina Basso sa...

Ja! Det skal ein på ingen måte kimse av! Ein pen ein, òg!