19. juli 2008

Ny smakebit

Kniven ligg på bordet.
Peder sit og fiklar med tuppen på han, trykker den heilt
nedtil bordplata før han slepper. Gabriel dreg på seg
støvlane borte i hjørnet. Peder vippar på kniven, han
dirrar mot bordet. Peder vippar ein gong til.


«Slutt med den jævla kniven,» brummar Gabriel.
Han gløttar opp på sonen. Peder dreg til seg hendene og
legg dei i fanget.
«Du får bli med opp i skogen. Eg har sett ut ei felle.»
Han reiser seg. Det halte beinet gir etter.
«Fandens fotjævel,» spyttar han og rettar seg opp, svart i
synet.
Han slurpar i seg ei ause vatn, knip Peder om nakken
med den store neven og styrer han ut på tunet. Døra
smell etter dei.

Ingeborg sit i den mørke kroken til dei er vekke. Så går
ho bort til bordet. Ser på kniven.
Han er passe stor, med skinande egg og lyst treskaft. Ho
tek han i handa. Skaftet er glatt og godt å halde i. Ho svei-
per han gjennom lufta nokre gongar. Det kjem ingen lyd.
Sveiper igjen. Kjenner kor godt han ligg i handa. Ser
kor lyset speler i bladet.
Ho myser og løftar han sakte over hovudet.
«Kva gjer du, Ingeborg?»
Mor trampar av seg snø på trammen og dukkar inn
døra med ei famn ved i armane.
Ingeborg legg ned kniven, kjenner det heitne i kinna.
«Ingenting,» seier ho, «berre prøver litt.»
Ho reiser seg, lèt att døra og stenger den kalde gufsen
ute. Tek nokre kubbar frå mor og legg dei på plass på
vedstabelen.
«Eg har bedt han slipe den kniven,» seier mor og legg frå
seg resten av veden. «Han er ikkje kvass nok.»
Ho sukkar og set seg i stolen ved grua.
«Men du veit korleis det er. Det er nesten så ein må
gjere det sjølv om ein skal få det gjort.» Ho gir sjalet til
Ingeborg, bøyer seg fram med eit tungt sukk og får av
seg skoa.


Kanskje han er redd nokon skal stikke den i han, tenker
Ingeborg. Legg sjalet fint frå seg på åkleet over senga.

Utdrag frå Ingen må vite, Samlaget august 2008.

1 kommentar:

Anonym sa...

Nå er du slem. ;)