Viser innlegg med etiketten Åse Marie Nesse. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Åse Marie Nesse. Vis alle innlegg
15. august 2011
Legg ikkje ditt liv i mi hand
Legg ikkje ditt liv i mi hand
om min kjærleik er svar
min kjærleik er også eit rop i motvind
legg ein blom i mi hand
ein tusenfryd i dag
ein tistel i morgon
og den lækjande urt
som veks av tårer
legg ein fugl i mi hand
ein pjusket liten fugl
så stryk eg han vakker
og lærer han å flyge:
Kom tilbake når du vil
legg di hand i mi hand
så er vi sterke saman
så er vi svake saman
så er vi saman
men tyng meg ikkje ned
med din kjærleik
legg ikkje ditt liv i mi hand
lev sjølv –
Åse-Marie Nesse
Abonner på:
Innlegg (Atom)