16. februar 2015

Eit liv

Eg hugsar godt første gongen eg las Kjell Askildsen. Eg har eit indre bilete av meg sjølv på t-bana frå Sognsvann til Oslo sentrum etter jobb, der eg sit og les Et stort øde landskap, og det er noko heilt nytt for meg, eg har aldri lese noko liknande. Det er 2005 eller 2006, eg har eit minne om at eg les om eldre, triste og einsame menneske, det er ukjent territorium, og eg forstår det kanskje ikkje heilt, men seinare skal eg lese fleire bøker, skal eg lese Thomas F's siste nedtegnelser til almenheten, og elske den, og eg skal nyte å høyre Kjell Askildsen lese En plutselig frigjørende tanke og Hundene i Tessaloniki rett inn i øyret mitt, akkurat når og kor eg vil. Å høyre Kjell Askildsen lese Kjell Askildsen er noko heilt spesielt, sjølv om forfattaren sjølv ikkje liker å høyre si eiga stemme, slik.

Det er nokre år sidan eg las bøkene, no, men det var likevel interessant å lese Alf van der Hagens samtalebok med tittelen Kjell Askildsen. Et liv, der vi både får bli med inn i skrivelivet, forfattarlivet og privatlivet til Kjell Askildsen. Ei bok det var overraskande vanskeleg å legge frå seg, som var lærerik på så mange måtar, og som fekk meg til å ville lese han om igjen, og høyre han lese om igjen; desse knappe og presise tekstane, ingenting overflødig, om alle desse einsame og triste og urettvise og sjølvrettvise menneska, alle desse som er akkurat så smålege og mangelfulle som vi alle kan vere. Eg las ein stad at Askildsen er ein meister i å skildre avstanden mellom menneska, avstanden mellom familiemedlemmar, mellom partnarar, han utforskar kilen som kjem mellom oss. Det kan vere trist lesnad, det er djupt menneskeleg, og ofte finst det også ein svart humor der.

No har eg bestilt samtaleboka Alf van der Hagen gav ut for nokre år sidan om ein annan av mine store favorittforfattarar: Dag Solstad. Uskrevne memoarer. Ho er på billegsal på Mammut i år. Og eg gler meg til å lese.

2 kommentarer:

aariho sa...

Eg har ikkje lese noko av Askildsen, men kjem vel ikkje unna! Skal gå inn på Samsøk på bblioteket og leggje inn nokre bøker eg ønskjer meg framover, og da tek eg med noko av Askildsen. Godt tips.

Aina Basso sa...

Då vil eg anbefale å byrje med 'Thomas F' - herleg, tynn bok med langt meir humor enn mange av dei andre.