Sider

12. januar 2013

Englemakerskene

Illustrasjonsfoto: Oslo byarkiv
I samband med prosjektet eg arbeider på i Oslo byarkiv, om fattigdom i Oslo før og no, kom eg over ei tilvising til ei grusam barnedrapssak i Kristiania for litt over 100 år sidan, der meir enn tjue born blei tekne av dage av tre kvinner som var pleiemødrene deira. Eg blei nyfiken og ville vite meir om saka, men det viste seg vanskeleg å finne stoff. Eg byrja difor å grave i kjeldene, først i Statsarkivet i Oslo, deretter i Nasjonalbiblioteket, og ei meir forferdeleg historie enn eg kunne forestille meg kom til syne.

Eg skreiv ein artikkel om desse såkalla «englemakerskene» til tidsskriftet Oslo byarkiv gir ut, Tobias, og i dag kom ei forkorta utgåve av artikkelen også på trykk i Dagsavisen. De kan lese han her:

«I 1901 kom den alvorligste barnedrapssaken i norsk historie opp for retten i Kristiania. Tre kvinner var tiltalt for å ha tatt livet av over tjue småbarn. Det var gode penger i onde handlinger.»


Artikkelen er skriven på sidemål, fordi tilsette i Oslo kommune ikkje får bruke nynorsk i arbeidssamanheng.

5 kommentarer:

  1. Interessant lesning om fæl historie.

    SvarSlett
  2. Grusomt. Tenker du at det er stoff for en roman kanskje?

    SvarSlett
  3. Ei forferdeleg historie, ja, kanskje litt for forferdeleg for roman, men vi får sjå!

    SvarSlett
  4. Interessant å få høre om gamle tiders forbrytelser:)

    SvarSlett
  5. Bra spadd frem og fremstilt :)

    SvarSlett