22. september 2011

Eg skaper meg om til ein skarv

Bak nuten gjer eg meg om til ein skarv. Eg ristar hovudet og blæs opp fjøra, så strekker eg halsen, opnar nebbet og skrik. Eg hoppar opp på ein stein like ved stupet og løftar dei vide vengene. Brisen ruskar mildt i fjøra, kitlar meg i vengekroken, der armholene er når eg er menneske, der mjuke, små hår får vekse og det no er lange, svarte fjører.

Eg spenner ut stjerten og hiv meg utfor skrenten. Ein luftstraum finn meg i det same og løftar meg høgare. Eg flyt på han ei tid, flaksar berre roleg når straumen vender eller fell. Han ber meg mjukt i ein stor sirkel over havet og landet, over bygdene og vidda, over rein som beitar, fisk som blenkjer, struttande, raude moltekart som gøymer seg under grøne blad. Eg følgjer straumen langs kysten, ut over Vardøya der kvinnene blir pinte i Slottet. Eg høyrer stemmene deira frå holet, mumling og skrik. Eg kjenner ei tung sorg i hjartet og flaksar hardt: utover Skagen, der moltene lagar raude teppe, over Seigrunnen med dei skimrande fiskeryggane, over Reinøya med magre blomsterstilkar på berga, over Hornøya med grotta i fjellsida og ut til Avløysa, før eg flyg innover mot land igjen.

Eg kviler på ein ny straum, kjenner at sorga har gjort meg vengetung. Ligg på straumen ei stund, stig og søkk på han, flaksar roleg med vengene. Bruset i fjøra og kjensla av å vere støtta av vinden døyver sorga mi sakte og litt etter litt blir eg igjen fylt av glede. Eg byrjar sjå på krusingane under meg. Det glimtar i blanke fiskeryggar og brått stuper eg ned, raskt under vassflata, grip tak ein fisk og stig opp igjen. Eg glupar i meg fisken, kjenner sporden sprelle i halsen.

Utdrag frå nytt manus.

5 kommentarer:

Elin sa...

Bok fire? Eller fra bok tre?

Aina Basso sa...

Det blir vel bok tre, eg har jo berre gitt ut to før.

GRØNN FRYD HOS MONIQUE - sa...

Så fint fuglebilde! Har du fotografert dette selv?

Aina Basso sa...

Nei, det har eg lånt.

Katrine sa...

Det er smukt :)